Stjerne inaktivStjerne inaktivStjerne inaktivStjerne inaktivStjerne inaktiv
 

Koseleg hytte til leige på Vågslid

Dette er ei veldig koselig hytte med sentral beliggenhet i Øykjeli, Vågslid. Eit rolig og trivelig felt som ligg nær preppa skiløyper og er kun 5 minutta kjøring frå skitrekket på Haukelid. Om sommaren er det flotte turløyper og bademoglegheiter i vatn like ved hytta. Hytta har strøm og vatn frå brønn til veggen. Det er skikkelig hyttedusj der vatn må fyllast på enkelt frå kranen utanfor. Hytta har forbrenningstoalett og urinal. Hytta ligg 60 meter frå parkeringsplassen og det anbefales at leigetakar tek med truger på vinteren for å gå løype opp til hytta. Leigetakar må sjølv brøyte løype opp til hytta og uteområdet. Hyttefeltet har eigen brøytekontrakt slik at vegen er alltid brøyta (torsdag til søndag i helger og heile veka i ferier). Om vinteren er det ein parkeringsplass ved hytta, dersom fleire bilar er det parkering ved E134. Resten av året er det to parkeringsplassar i nærleiken til hytta.

Det er trådlaust nett inkludert i prisen og alt anna av fasilitetar til matlaging. 

Me ber om at leigetakar tek med eigne dyner og sengeklær, eventuelt sovepose. Det er tre soverom med tilsaman 9 soveplasser. Det er også mogleg å sove i stova dersom behov.  

  • Pris for ei veke inkludert helg er 15.000 kr pluss mva og strøm. 

  • Pris for helg er 2.500 kr døgnet pluss mva og strøm.  

Ta kontakt med nilsyevent, kontaktinformasjon finn de under menyen Booking

Instruksjonsvideo vil bli tilsendt nokre dagar før de skal til hytta. Følg elles oppslaga i hytta. HALD ORDEN! 

NB: hytta skal leverast tilbake i same stand som den var før de kom. Elles er leigetakar økonomisk ansvarleg for øydelagde ting. 

Ledig følgjande datoar i 2023 og 2024:

Dato Kva Merknad
2.-6. oktober 2023 Haustferie Veke 40
19.-25. februar 2024 Vinterferie Veke 8
4.-10. mars 2024 Vinterferie Veke 10
1.-7.juli 2024 Sommarferie Veke 27
8.-14.juli 2024 Sommarferie Veke 28 
30.09-06.10.24 Haustferie Veke 40
Enkelte..... ..helger Ta kontakt og avtal direkte