2025

08.03.25 Nilsy & Haugen, after ski+after after ski, Sauda

 

2024

06.01.24 Nilsy, rund dag Grinde
08.01.24 ABC studio, innspeling av "Grovskjeva..."
26.01.24 Ny singel "Venner" på Spotify
09.03.24 Nilsy & Haugen, Paraplybaren Sauda skisenter
09.03.24 Nilsy, event Kolnes
19.03.24 KORe´Vindafjord "Vårkonsert", Ølensvåg
21.03.24 KORe´Vindafjord "Vårkonsert", Imsland
23.03.24 Toastmaster, Vikedal
27.04.24 Nilsy, venners venners fest, Vikedal
17.05.24 Nilsy & Mari Aalmo, 17.mai fest, dag
25.05.24 Nilsy, Kyst´n
30.05.24 KORe´ Vindafjord, kongebesøk Vindafjord
01.06.34 Nilsy, rund dag Vikedal
12.06.24 KORe´Vindafjord, "Sommartonar", Sjøperlo Ølen
22.06.24 Nilsy, St.hans fest Vikedal Camping
Juni 2024 Nilsy & Haugen, 50 årsfest Nortura
06.07.24 Nilsy & Beate (DUOgeg), Sommarfestival, dag
19.07.24 Nilsy, Bakkjen Banjo Festival 2024
20.07.24 Nilsy, Bakkjen Banjo Festival 2024
10.08.24 Nilsy & Haugen / Lasse, 4x40 årsdag, Vats
17.08.24 Toastmaster og trubadur, Sand
24.08.24 Nilsy, allsang ved fjorden (Jøsenfjorden)

2023

21.01.23 FEBband, SSB
11.03.23 Nilsy & Haugen, Papaplybaren Sauda skisenter
18.03.23 Nilsy & Haugen, SSB
22.03.23   Nilsy, Suldal frivillighetssentral
05.04.23   JarEid, rekefest Jelsa
19.05.23 Ny singel frå Nilsy "Bygdå mi"
23.05.23 KORe´Vindafjord, Utan Grensen, Sandeid
25.05.23 KORe´Vindafjord, Utan Grensen, Skjold
27.05.23  Nilsy & Haugen, Fjordcruise Kystkulturdagane
27.05.23   Nilsy & Haugen, bryllup Skjold
06.06.23 KORe´Vindafjord, Utan Grensen, Sjøperlo
09.06.23  Nilsy & Haugen, sommarfest Helgevold
17.06.23 Nilsy, Berget Kafé Matkroken, Imsland
24.06.23 Nilsy, bryllup Sandeid
22.07.23 Nilsy, Bakkjenfestivalen Vikedal
19.08.23 Nilsy, Hippiefestival Skipavåg
19.08.23 J a r E i d, Fest i hall Skjold
22.08.23 Nilsy, gravferd Skjold
26.08.23 Nilsy, Vikedal Kro & Motell
11.09.23 Innspeling av ny låt i ABC studio
30.09.23 Nilsy, krabbefest Vikedal
06.10.23 Nilsy, gravferd Sandeid
20.10.23 Nilsy & Haugen, oktoberfest Nortura (AVLYST)
28.10.23 NAM, Christiansen AS
18.11.23 Nilsy, julebord Eplebakken Gård og Gøy
22.11.23 Nilsy, sosialt middagstreff Vikedal Kro & Motell
25.11.23 Nilsy, julebord Eplebakken Gård og Gøy
28.11.23 KORe´Vindafjord, julekonsert Vikedal 
30.11.23 KORe´Vindafjord, julekonsert Ølen
05.12.23 KORe´Vindafjord, grautfest Hgsd sparebank
09.12.23 Nilsy, julebord Håkull & Ersland, Nesheimstunet

2022

06.04.22 KORe´Vindafjord, Går til filmen, Ølen
07.04.22 Nilsy, personalfest Hauatunet
08.04.22 KORe´Vindafjord, Går til filmen, Vikedal
27.05.22  Nilsy, Saudadagane
28.05.22  JarEid, bryllup Ullensvang
08.06.22 KORe´Vindafjord, Nordiske Perler, Ølen
24.06.22 Ny singel "Fjelltur" kom ut
24.06.22 Nilsy, Berget Kafe Kvaløy
30.07.22  Nilsy, 2 x 50 årsdag, Imsland
13.08.22  Nilsy, opning av utescene Jøsenfjorden
27.08.22 JarEid, Fest i Hall, Skjold
24.09.22 Nilsy, 2 x 50 årsdag, Ølen
01.10.22 F&E, Suldalsosen
15.10.22 Nilsy & Haugen, Skjold Arena
21.10.22 Nilsy & Haugen, oktoberfest Nortura, Sandeid
22.10.22 Nilsy, 2 x 50 årsdag, Sandeid
05.11.22 Nilsy & Haugen, Hafslo pubkveld
12.11.22 F&E, SSB
30.11.22 Nilsy, Musikkbad Sjøperlo
02.12.22 Ny singel "Nødslakt" kom ut
10.12.22 Nilsy, 60 årsdag Suldal

2021

29.05.21 Nilsy, Berget Kafe Kvaløy
26.06.21 Nilsy, Vikedal Kro og Motell
02.07.21 Nilsy, Berget Kafe Kvaløy
03.07.21  F&E, SSB
17.07.21  Nilsy, Berget Kafe Kvaløy
24.07.21 Nilsy, Berget Kafe Kvaløy
31.07.21 Nilsy, Berget Kafe Kvaløy
07.06.21 KORe´Vindafjord, 70 årsdag Ølen
14.08.21  Nilsy, bryllup Sauda klubb
20.08.21  Nilsy, Hippiefestival Skipavåg
21.08.21 Nilsy, Hippiefestival Skipavåg
09.06.23  Nilsy & Haugen, sommarfest Helgevold
25.09.21 F&E, Heiso Reis Vikedal
15.10.21 Nilsy & Haugen, Seven Summits Sauda
16.10.21 Nilsy & Haugen, bryllup Vats
22.10.21 Nilsy & Haugen, oktoberfest Nortura
30.10.21 Nilsy, SSB
11.12.21 Nilsy, minikonsert julemarknad Nerheimstunet
17.12.21 Ny singel "Jentene på benken" kom ut

I perioden 1980 - 2020 har eg også hatt mange kjekke jobbar og prosjekt. Dei kan du lesa om her. 


 

 

 

Fjerde singel "Bygdå mi" spelt inn i ABC studio

Eg har vore i studio igjen, denne gong er "Bygdå mi" innspelt. Den songen skreiv eg i starten på nittitalet for å hylla Vikedal, bygda eg har vokst opp i og bur i enda. Den har eg opptrådd med i fleire samanhengar, 17. mai, kulturkveld, i klasserommet for elevar eg har hatt oppgjennom åra og det som var mest kult var at eg fekk moglegheit til å spele denne på "Gøy på landet" på TVNorge for ei god stund tilbake. Då var me i båthamna og saman med Arne Haugen, Runde Rødne og Andres Lunde (alle anerkjende musikarar i distriktet) fekk me ein snutt på TV, det er eg stolt av. No altså; innspelt og truleg vert den publisert på Spotify og andre straumetenestar rundt påsketider/fram mot sommaren. Eg er stolt over å no vera halvegs til målet som er å spele inn åtte låtar, når det er gjort vil eg ha releasekonsert for plata mi i heimbygda Vikedal. 

Frå innspelinga av singelen "Bygdå mi" i ABC studio i januar 2023. Fv: Torbjørn Økland, Rudolf Fredly, Lars Eirik Støle, Kjetil Ulland og Vegard Fossum.

FESband gjenforent

Etter å ha gitt ut singelen "Nødslakt" saman er det nå duka for at FESband skal gjenforeinast. Det vert releaseparty for den nye singelen på Sandeid Sportsbar 21. januar 2023. Møt opp og får ei FESband oppleving som de aldri har sett før. Nå må alle våre fans frå gamalt av blåse støvet av stemmebandet og møta opp på SSB for ein heidundrande kveld med fyr og flamme. 

Nils Erik Eide og Kjetil Stople i ABC studio under inndeling av singelen "Nødslakt" i september 2023.

 

Nødslakt på Spotify! 

I dag, 2. desember, er endeleg min tredje singel "Nødslakt" endeleg ute på Spotify og andre streametenestar. Eg har med meg min gode spelekompis frå FESband Kjetil Stople, som også har vore med å skrive teksten. Høyr den på Spotify her. Sprei den gjerne til andre musikkglade folk, og også dei som ikkje er det :-) 

 

Nødslakt kjem 2. desember

Den nye singelen kjem ut på ABC studio sin label fredag 2. desember Følg med på Spotify, Kjetil Stople er med på denne singelen, som han har vore med å skrive teksten til. Melodien har Nils Erik Eide skrive. 

 

I studio igjen...

5. september var eg i ABC studio igjen og spelte inn ein ny låt. Denne gong var det "Nødslakt", som eg har skrive melodi og tekst til. Kjetil Stople har også vore med å skrive teksten på denne. Han var også med i stuidio og hadde gjesteopptreden på denne songen, som Kjetil og eg spelte mykje då me "turnerte" i distriktet som FESband for ei tid tilbake. Det var topp å vera i studio igjen saman med Kjetil Stople, der me hadde toppprodusent Kjetil Ulland og proffe musikarar: Torbjørn Økland, Vegard Fossum, Rudolf Fredly og Lars Erik Støle. Eg reknar med at singelen kjem ut rundt jul. 

På nyåret kjem eg også til å spele inn "vikedal", ein song eg har skrive om bygda mi. 
 

Ny singel frå N i l s y - "Fjelltur"

Fredag 24.juni kom det ein ny singel frå N i l s y, det er oppfølgeren etter debutsingelen "Jentene på benken". Den nye låta er spelt inn i ABC studio med Kjetil Ulland som produsent. Tittel på songen er "Fjelltur" og handlar om ein ikkje så populær tur etter ei lang natt på tur til Meierikjellaren pub. Medtekstforfattar på denne songen er Kjetil Stople, som N i l s y spelte saman med i FESband for ei tid tilbake. Klikk på bildet så får du høyre songen på Spotify.

 
Jentene på benken frå N i l s y på Spotify

Dette er ekte bilde frå jentene på benken utforbi Sommerhaven i Vikedal på slutten av nittitalet. Bildet er tatt av Siv Unni Matre.