DeKinaputters Band er eit erfarent og samspelt band som leverer kjende låtar, god stemning og ekte speleglede. Med eit akustisk konsept som inviterer til både allsang og nærkontakt med publikum, passar DeKinaputters like godt på pub, festival, firmafest og private arrangement. 

Om musikarane

Egil Lindanger og kjem frå Førre og har brei erfaring som musikar, mellom anna som medlem av Diesel & Dust, Embla og fleire andre prosjekt. Med sin leikne og sikre gitarstil set han eit særpreg på det akustiske uttrykket og bidreg sterkt til den gode stemninga. Lindanger korer Eide sin vokal, noko som løftar lydbiletet og gjer framføringa ekstra tett og levande.

Arne Haugen har lang fartstid som trommeslagar og har spelt i band som Toccata, Arnold Bokfink Band, Amerikalinjen, Podsoll, Trippers Bluesband, Roald Holmstrom Band og Jarmer/Oden Jazzkvartett m.fl. Han kjem frå Simadal i Hardanger, flytta til Ølen som tiåring og har budd der sidan.  Haugen korar også Eide sin vokal, noko som løftar lydbiletet og gjer framføringa ekstra tett og levande. 

Odd Opsal kjem frå Vikedal  men har budd i Stavanger i mange år. Han har lang erfaring frå ulike musikalske prosjekt opp gjennom åra. Han var blant anna bassist i det populære Vindafjord-bandet Hårek, som var aktivt frå 1978 til 1985. Bandet blir omtalt som eitt av dei yngste profesjonelle pop- og rockebanda i Noreg på den tida. I tillegg har han hatt mange andre prosjekt som Blue A La Carte og Roald Holmstrom Band saman med Arne. Han har også hatt stand in rolle i det lokale bandet Pakkers ved fleire høve.  

Nils Erik Eide har lang og solid erfaring som musikar, mellom anna frå band som 7 UP, Prügelknabe, Port Salutt Band, FESband, Furseth & Eide og Jar Eid m.fl. Han er også grunnleggjar av KORe´Vindafjord, der Arne Haugen er fast trommeslagar. Eide er fødd i Trondheim, budde i Stavanger fram til han flytta til Vikedal som sjuåring, og har budd der sidan. Nilsy spelar gitar og er vokalist i bandet.

Musikken

DeKinaputters framfører kjende låtar som publikum kjenner igjen, låtar som lett skapar allsang, smil og god stemning – alltid framført med respekt for originalen og eit personleg preg.

DeKinaputters Trio består av Egil Lindanger på gitar/kor, Arne Haugen på trommer/kor og Nils Erik Eide på gitar, munnspel og vokal. 

Eide har lang erfaring som musikar med blant anna band som 7-UP, Prügelknabe, Port Salutt Band, FESband, Furseth & Eide og J a r E i d m.fl. Eide er også grunnleggjar av KORe´Vindafjord, som Arne Haugen er fast trommeslager i. Eide er født i Trondheim og budde i Stavanger fram til han flytta til Vikedal som 7 åring, der han har budd sidan.  Haugen har også lang fartstid som musikar i band som Toccata, Arnold Bokfink Band,  Amerikalinjen, Podsoll, Trippers Bluesband og Jarmer/Oden Jazzkvartett m.fl. Arne kjem frå Simadalen/Eidfjord i Hardanger, men flytta til Ølen då han var 10 år, og har budd der sidan. Lindanger kjem frå Førre og har lang erfaring som musikar som medlem av blant anna Diesel & Dust, Embla og mykje meir. Med sin leikne og dyktige måte å krydre på med gitaren sin er det med på å gjera det akustiske konseptet veldig stemningsfullt og bra. Haugen og Lindanger er med og korer Eide sin sang, som gjer det ekstra bra. DeKinaputters framfører kjende låtar som lett skapar allsang og god stemning.   

Ta gjerne kontakt dersom du vil booke oss inn.

 

DeKinaputters fv: Arne Haugen, Nils Erik Eide og Egil Lindanger. Bildet er frå ei øving i Førre i Tysvær tidleg i 2025. 

DeKinaputters fv: Arne Haugen, Egil Lindanger og Nils Erik Eide. Dette bildet er frå då dei spelte på Aftersea under Sommerfestivalen i Vikedal 2024.