- Detaljer
- Skrevet av Nils Erik Eide
- Kategori: Uncategorised
Dette er eit lokalt band frå Vikedal som blei stifta for mange år sidan i samband med ein kulturkveld på Vikedal Bygdahus til inntekt for eit komande prosjekt i bygda, nemleg idrettshall. Namnet kjem av at me i full fart måtte finna det for å få det med i annonsa. Då såg me rett og slett bort på ein kasse på lydlageret med tre skufferi i. På dei stod det "Lys", "Padder", "Diverse kablar", og dermed blei dette bandet skapt. Vikedølingane som var med var:
Ole Sigve Leifsen, fele
Svein Bjarte Holten, trommer
Leiv Øystein Leifsen, sang
Johannes Holten Leifsen, bass
Leif Kåre Hårajuvet Sigmundstad, gitar
Nils Erik Eide, gitar og sang
- Detaljer
- Skrevet av Nils Erik Eide
- Kategori: Uncategorised
Treng du ein toastmaster, ta gjerne kontakt med meg. Eg har mange toastmasteroppdrag bak meg. Eg tilbyr også "full pakke", som betyr at eg stiller som både toastmaster og trubadur i bryllup.
Eg har også ein god del konfransieroppdrag bak meg i ulike samanhengar. Treng du ein konfransier, ta gjerne kontakt. Her stiller eg også med lydanlegg dersom det er behov for det.
Du finn kontaktinfo under menyen "Booking".
- Detaljer
- Skrevet av Nils Erik Eide
- Kategori: Uncategorised
(Vår første plakat, sponsa av firmaet til far min. PS: eg har Brann caps, det er totalt krise, eg er jo Viking fan av full hals:-))
Dette er mitt aller første band, stifta i starten på åttitalet, saman med søskenbarnet mitt Tore Flydal (trommer) og klassekompis Peter Abelseth (gitar/song). Eg spelte bassgitar og song litt. 7UP spelte på forskjellige arrangement i Vindafjord, for eksempel skulearrangement og andre ungdomsarrangement i kommunen. Me hadde også konsertar i kjellarstova heime hos familien min i byggefeltet, det var stas.
Bandet hadde sitt eige materiale, men kunne også kjøre på med rockeklassikarar frå Elvis og Bill Hayley. Me hadde fleire gratiskonsertar, men kunne også ta betalt. 7UP øvde i garasjen vår, og var veldig populære i bygdene i distriktet. Bandet blei oppløyst då gitaristen vår Peter blei headhunta av vårt konkurrerande band frå Sandeid, Steelongs, som blant anna hadde eit kjent medlem i distriktet, nemleg Kjetil Ulland (bassist i Pakkers og produsent ABC studio).
Det står til og med om oss på Rogalyd sine heimesider. Det er stas. Her kan de lesa om den gongen Rogalands Avis kom eins æren til Vikedal for å laga ein artikkel om musikkmiljøet i Vikedal på den tida. Her er nokre kjekke bilder frå den tida:
Desse bilda er frå ein artikkel Rogalands Avis lagde om musikkmiljøet i Vikedal, denne blei publisert i september 1982:
- Detaljer
- Skrevet av Nils Erik Eide
- Kategori: Uncategorised
Dette prosjektet starta med ein samankomst på St.Hans i Vikedal på nittitalet, der dei ønskte litt underhaldning og sang. Fire lokale musikarar tromma seg i saman og danna ei akkustisk gitargruppe som då etterkvart blei tiltalt som dei lokale gitarkameratane, etter dei meir kjende Gitarkameratene, som var så populære ei stund (Sunde, Nilsen, Sivertsen og Eggum). Det blei mange oppdrag på nittitalet, og ein av grunnane til me tok ein lang pause (har ikkje starta opp igjen enda), var at me følte at me var "oppbrukt" i distriktet. Medlemmene er:
Andreas S. Andreassen
Sivert Ole Holten
Gisle Heggebø
Nils Erik Eide
Prügelknabe betyr "stallgutt som tar imot pryl som egentlig var ment for fyrstesønnen" (frå Wikipedia"
Side 2 av 4