Velkomen til nilsyevent. Her kan du bestille ulike oppdrag i samband med kulturelle arrangement, bryllup og andre events. Treng du konfransier eller toastmaster, ta gjerne kontakt med meg. Eg tek også på meg oppdrag som konsulent, les meir om dette under menypunktet Konsulentoppdrag.
I menyen kan du også lesa om dei ulike musikalske prosjekta mine, saman med gode og dyktige vener.
Til dagleg jobbar eg som kommunalsjef i Vindafjord kommune.
Besøk meg gjerne på Facebook og Twitter (X). Kontaktinfo finn du i menyen "booking".
Her står eg bak til høgre med bassgitaren. Dette er frå ein reportasje Rogalands Avis gjorde "Vikedal er rockesentrum i Ryfylke" (sept 1982). Eg står bak saman med mine bandkompisar i 7UP, Peter Abesleth på gitar og Tore Flydal på trommer. Foran sit Odd Opsal, Kjetil Løberg, Andreas S. Andreassen og Frank Abelseth.
Eg tilbyr profesjonelle konsulenttenester til kommunar, lag og organisasjonar, privatpersonar og andre som har behov for kvalifisert bistand. Med omfattande erfaring og kompetanse innan fleire fagområde, kan eg bidra til å løyse dykkar utfordringar på ein effektiv og målretta måte.
Eg tek på meg oppdrag som:
• Utarbeiding av planar og rutinar
• Søknadar om tilskot
• Organisering og drift av ulike arrangement
• Andre oppdrag som naturleg fell inn under konsulentverksemd
Mitt mål er å levere tenester av høg kvalitet som møter dykkar behov og forventningar. Ta gjerne kontakt for ein uforpliktande samtale om korleis eg kan bistå dykk.
Eg er grunnleggjaren av eit kor for heile organisasjonen Vindafjord kommune, det heiter KORe' Vindafjord. Me øver ein gong i veka og har hatt fleire oppdrag rundt omkring i kommunen.
Me har etterkvart blitt veldig gode; dirigent og pianist er Lasse Jarmer, ein annerkjend musikar frå vårt distrikt, og min spelekompis i J a r E i d. Logoen er forresten laga av underteikna.
Koret feirte 15 årsjubileum i 2022 og hadde i den samanheng jubileumskonserten "KORe´Vindafjord går til filmen". I tillegg minikonsert på Sjøperlo Hall i Ølen "Nordiske perler" før sommarferien. Koret fekk også endeleg halda sine tradisjonelle julekonsertar i 2022 etter to år med Covid-19, og då var det Vikebygd og Imsland som fekk besøk av KORe' Vindafjord.
Følg med på heimesida til koret eller på Facebook.
Frå konserten Utan Grenser på Sjøperlo juni 2023 (Foto: Ane Kesia Eide Fatland)
Frå konserten Utan Grenser på Sandeid samfunnshus mai 2023 (Foto: Ane Kesia Eide Fatland)
Frå konserten Går til Filmen april 2022 på Ølen kulturhus (Foto: Ane Kesia Eide Fatland)
Her øver koret under KORseminaret på Stord Hotell september 2021 (Foto: Nils Erik Eide)
Eg spelar i ein duo som heiter FESband. Det er forkortinga for Fantastiske Eide Stople Band. Eller rettare sagt så var også Stian Furseth med i bandet i oppstarten. Me kalla oss då for Furseth, Eide og Stople band, forkorta FESband. Men han slutta og Kjetil og eg held fram med same namn (difor byta me ut Furseth med Fantastiske, slik at me likevel kunne spela under namnet FESband)
Kjetil Stople og eg har hatt ein del spelejobbar der mesteparten av repertoaret er kjende songar som skapar stemning. Stoplen er ein rivande dyktig vokalist som har ein eigen måte å få folk i stemning på. Eg backa opp på gitar, munnspel og sang.
FESband tok pause på 10 år men er no tilbake og klar for litt show der ute :-)Me har ei side på Facebook, bli medlem då vel :-)
Her spelar FESband for fullt hus på Sandeid Sportsbar 21.januar 2023, ein slags reunion konsert etter ti års pause. Her spelar me "Nødslakt", som du finn på Spotify. (Foto: Svein Egil Økland)
Me har gitt ut singelen "Nødslakt", som er populær i distriktet.
Her er gutta frå då dei starta FESband, Kjetil Stople til venstre og Nils Erik Eide til høgre.
Side 1 av 2