Stian Furseth og Nils Erik Eide dannar duoen Furseth & Eide. F&E prøver å skapa god stemning med kassagitarar og eigne versjonar av norske og utanlandske songar. Me har blitt tatt godt i mot på våre spelejobbar - folk seier dei kjem i god stemning og blir i godt humør. Stian har lang erfaring som lokal artist, det same har Nils Erik. Dei har vore i ulike prosjekt saman tidlegare før duoen F&E blei ein realitet. FES band, Nytt Kjøkken og S.N.Ø er nokon av prosjekta. Med leadsinger Stian, to kassagitarer, cajun-tromme, munnspel og ukulele blir det ofte god stemning når desse to karane spelar opp.

Me er stolte over å vera på Rogalyd sine sider. Klikk på lenka og les om oss her.  

PS: F&E har for tida ein liten pause og tek ikkje oppdrag for tida. Me håpar å vera tilbake om ei stund.

Bli gjerne medlem av sida vår på Facebook

Her er Furseth & Eide klar for ein ny jobb på Sandeid Sportsbar

Eit kjekt prosjekt eg også er involvert i er saman med Lasse Jarmer. Han er ein av dei beste pianospelarane i distriktet. Namnet J a r E i d kjem av våre etternamn, Jarmer og Eide. Lasse er også aktiv med mange ulike prosjekt, det same er Nils Erik. Saman er Jarmer og Eide med i KORe' Vindafjord, som dei begge var sentrale med på å starte i 2007. Lasse er dirigent her medan Nils Erik er leiar.

Ute så spelar J a r E i d eigne versjonar av kjente og stemningsfulle songar. Ta kontakt dersom du ønskjer å leiga oss til eit arrangement, du finn informasjon under menyen "Booking".

Les om oss på Rogalyd.no. Bli gjerne medlem av sida vår på Facebook

 

 J a r E i d klar for spelejobb i Vikebygd.

Eg tek på meg oppdrag under artistnamnet Nilsy. Då tek eg gitaren min og munnspelet og prøver å laga god stemning. Det er mykje norsk musikk eg formidlar - det er songar som er kjekke å syngja med på. Eg har lang erfaring som musikar med blant anna band som 7-UP, Prügelknabe, Port Salutt Band, FESband, Furseth & Eide og J a r E i d m.fl. Eide er også grunnleggjar av KORe´Vindafjord. Eg er født i Trondheim og budde i Stavanger fram til eg flytta til Vikedal som 7 åring, der har eg budd sidan.

 Ta gjerne kontakt dersom du ønskjer å booka meg til eit arrangement; kontaktinfo finn du i menyen "booking".

Lik gjerne sida mi på Facebook og les om meg på Rogalyd.no

N i l s y på Berget Kafè saman med  dei lokale heltane FYK