- Detaljer
- Skrevet av Nils Erik Eide
- Kategori: Uncategorised
Dette prosjektet starta med ein samankomst på St.Hans i Vikedal på nittitalet, der dei ønskte litt underhaldning og sang. Fire lokale musikarar tromma seg i saman og danna ei akkustisk gitargruppe som då etterkvart blei tiltalt som dei lokale gitarkameratane, etter dei meir kjende Gitarkameratene, som var så populære ei stund (Sunde, Nilsen, Sivertsen og Eggum). Det blei mange oppdrag på nittitalet, og ein av grunnane til me tok ein lang pause (har ikkje starta opp igjen enda), var at me følte at me var "oppbrukt" i distriktet. Medlemmene er:
Andreas S. Andreassen
Sivert Ole Holten
Gisle Heggebø
Nils Erik Eide
Prügelknabe betyr "stallgutt som tar imot pryl som egentlig var ment for fyrstesønnen" (frå Wikipedia"
- Detaljer
- Skrevet av Nils Erik Eide
- Kategori: Uncategorised
Eg var ein av gründerande av revygruppa i Vikedal, som me har kalla for revygruppa Port Salutt. Namnet kjem av osten port salut, som var ein landskjend ost som blei produsert i Vikedal, som einaste plassen i landet. I samband med dette var eg også med i revybandet, som me kalla for Port Salutt Band. Dette bandet spelte eg i i nokre år, før eg valde å prioritera andre musikkprosjekt. Det som er så kjekt er at bandet framleis er aktive.
Les meir om revygruppa Port Salutt her.
- Detaljer
- Skrevet av Nils Erik Eide
- Kategori: Uncategorised
S.N.Ø! var eit lite "spin off" prosjekt etter "Nytt Kjøkken", der el.gitarist Ørjan Skeie blei med Furseth & Eide på nokre små kjekke oppdrag. Det blei ikkje mange spelejobbar, men det var veldig artig. Kanskje Skeien kan bli med F&E ein gong i framtida, kven veit?
- Detaljer
- Skrevet av Nils Erik Eide
- Kategori: Uncategorised
Nytt Kjøkken var eit spanade prosjekt som kom i stand som følgje av at Sandeid samfunnshus inviterte bygda til eit slags "dugnadsarrangement" for å få inntekt til eit nytt kjøkken på samfunnshuset. Alle musikarane som deltok spelte gratis, mesteparten med base frå Sandeid. Eg var vel den einaste som ikkje var derifrå. Grunna min spelepartner Stian Furseth var ein av dei, blei eg også med på dette. Etter denne opptreden blei det nye oppdrag på gjengen. Desse var med:
Glenn-Tore Bjørkhaug, bass
Stian Furseth, gitar og sang
Ørjan Skeie, el.gitar
Terje "Køkki" Ørnes, trommer
Monica S. Endresen, sang
Veronica Hansen, sang
Nils Erik Eide, gitar og sang
Side 3 av 5