Komande spelejobbar: 

02.12.22 NY singel, Nødslakt saman med Kjetil Stople
06.12.22 KORe´Vindafjord, julekonsert Imsland
07.12.22 KORe´Vindafjord, Hgsd sp.bank, Vikedal
08.12.22 KORe´Vindafjord, julekonsert Vikebygd
10.12.22 Nilsy, 60 årsdag, Sand Suldal
27.05.23 Nilsy & Haugen, bryllup Skjold
24.06.23 Nilsy, bryllup Sandeid
26.08.23 Nilsy, Skjold
20.10.23 Nilsy & Haugen, oktoberfest Nortura

Nødslakt på Spotify! 

I dag, 2. desember, er endeleg min tredje singel "Nødslakt" endeleg ute på Spotify og andre streametenestar. Eg har med meg min gode spelekompis frå FESband Kjetil Stople, som også har vore med å skrive teksten. Høyr den på Spotify her. Sprei den gjerne til andre musikkglade folk, og også dei som ikkje er det :-) 

 

Nødslakt kjem 2. desember

Den nye singelen kjem ut på ABC studio sin label fredag 2. desember Følg med på Spotify, Kjetil Stople er med på denne singelen, som han har vore med å skrive teksten til. Melodien har Nils Erik Eide skrive. 

 

I studio igjen...

5. september var eg i ABC studio igjen og spelte inn ein ny låt. Denne gong var det "Nødslakt", som eg har skrive melodi og tekst til. Kjetil Stople har også vore med å skrive teksten på denne. Han var også med i stuidio og hadde gjesteopptreden på denne songen, som Kjetil og eg spelte mykje då me "turnerte" i distriktet som FESband for ei tid tilbake. Det var topp å vera i studio igjen saman med Kjetil Stople, der me hadde toppprodusent Kjetil Ulland og proffe musikarar: Torbjørn Økland, Vegard Fossum, Rudolf Fredly og Lars Erik Støle. Eg reknar med at singelen kjem ut rundt jul. 

På nyåret kjem eg også til å spele inn "vikedal", ein song eg har skrive om bygda mi. 
 

Ny singel frå N i l s y - "Fjelltur"

Fredag 24.juni kom det ein ny singel frå N i l s y, det er oppfølgeren etter debutsingelen "Jentene på benken". Den nye låta er spelt inn i ABC studio med Kjetil Ulland som produsent. Tittel på songen er "Fjelltur" og handlar om ein ikkje så populær tur etter ei lang natt på tur til Meierikjellaren pub. Medtekstforfattar på denne songen er Kjetil Stople, som N i l s y spelte saman med i FESband for ei tid tilbake. Klikk på bildet så får du høyre songen på Spotify.

 
Jentene på benken frå N i l s y på Spotify

Dette er ekte bilde frå jentene på benken utforbi Sommerhaven i Vikedal på slutten av nittitalet. Bildet er tatt av Siv Unni Matre.