Nilsy & Haugen består av Nils Erik Eide på gitar/sang og Arne Haugen på trommer/sang. 

Eide har lang erfaring som musikar med blant anna band som 7-UP, Prügelknabe, Port Salutt Band, FESband, Furseth & Eide og J a r E i d m.fl. Eide er også grunnleggjar av KORe´Vindafjord, som Arne Haugen er fast trommeslager i. Eide er født i Trondheim og budde i Stavanger fram til han flytta til Vikedal som 7 åring, der han har budd sidan.  Haugen har også lang fartstid som musikar i band som Toccata, Arnold Bokfink Band,  Amerikalinjen, Podsoll, Trippers Bluesband og Jarmer/Oden Jazzkvartett m.fl. Arne kjem frå Simadalen/Eidfjord i Hardanger, men flytta til Ølen då han var 10 år, og har budd der sidan. 

I tillegg til dei nemnte musikalske forholda Nilsy & Haugen har gjort kvar for seg, har dei vore saman i felles musikalske prosjekt i distriktet gjennom mange år. I løpet av desse åra voks det fram ein ide som i dag er blitt ein realitet. 

Med eit akustisk konsept bestående av trommer, kassegitar og sang framfører dei kjende låtar som lett skapar allsang og god stemning.   

Ta gjerne kontakt dersom du vil booke oss inn.

Arne Haugen og Nils Erik Eide, alias Nilsy & Haugen, i aksjon på Paraplybaren, Sauda skisenter 11. mars 2023 (Foto: Dagny Sandvik Nernes)

Nilsy & Haugen på MS Skudenes under Kystkulturdagane i Sandeid 2023 (Foto: Nils Tokheim, Grannar)

Nilsy & Haugen på MS Skudenes under Kystkulturdagane i Sandeid 2023 (Foto: Nils Tokheim, Grannar)