Stian Furseth og Nils Erik Eide dannar duoen Furseth & Eide. F&E prøver å skapa god stemning med kassagitarar og eigne versjonar av norske og utanlandske songar. Me har blitt tatt godt i mot på våre spelejobbar - folk seier dei kjem i god stemning og blir i godt humør. Stian har lang erfaring som lokal artist, det same har Nils Erik. Dei har vore i ulike prosjekt saman tidlegare før duoen F&E blei ein realitet. FES band, Nytt Kjøkken og S.N.Ø er nokon av prosjekta. Med leadsinger Stian, to kassagitarer, cajun-tromme, munnspel og ukulele blir det ofte god stemning når desse to karane spelar opp.
Me er stolte over å vera på Rogalyd sine sider. Klikk på lenka og les om oss her.
PS: F&E har for tida ein liten pause og tek ikkje oppdrag for tida. Me håpar å vera tilbake om ei stund.
Bli gjerne medlem av sida vår på Facebook
Her er Furseth & Eide klar for ein ny jobb på Sandeid Sportsbar