Eg spelar i ein duo som heiter FESband. Det er forkortinga for Fantastiske Eide Stople Band. Eller rettare sagt så var også Stian Furseth med i bandet i oppstarten. Me kalla oss då for Furseth, Eide og Stople band, forkorta FESband. Men han slutta og Kjetil og eg held fram med same namn (difor byta me ut Furseth med Fantastiske, slik at me likevel kunne spela under namnet FESband)

Kjetil Stople og eg har hatt ein del spelejobbar der mesteparten av repertoaret er kjende songar som skapar stemning. Stoplen er ein rivande dyktig vokalist som har ein eigen måte å få folk i stemning på. Eg backa opp på gitar, munnspel og sang. 


FESband tok pause på 10 år men er no tilbake og klar for litt show der ute :-)Me har ei side på Facebook, bli medlem då vel :-) 

Her spelar FESband for fullt hus på Sandeid Sportsbar 21.januar 2023, ein slags reunion konsert etter ti års pause. Her spelar me "Nødslakt", som du finn på Spotify. (Foto: Svein Egil Økland)

Me har gitt ut singelen "Nødslakt", som er populær i distriktet. 

 

Her er gutta frå då dei starta FESband, Kjetil Stople til venstre og Nils Erik Eide til høgre.