Eg er grunnleggjaren av eit kor for heile organisasjonen Vindafjord kommune, det heiter KORe' Vindafjord. Me øver ein gong i veka og har hatt fleire oppdrag rundt omkring i kommunen. 
Me har etterkvart blitt veldig gode; dirigent og pianist er Lasse Jarmer, ein annerkjend musikar frå vårt distrikt, og min spelekompis i J a r E i d. Logoen er forresten laga av underteikna.

Koret feirte 15 årsjubileum i 2022 og hadde i den samanheng jubileumskonserten "KORe´Vindafjord går til filmen". I tillegg minikonsert på Sjøperlo Hall i Ølen "Nordiske perler" før sommarferien. Koret fekk også endeleg halda sine tradisjonelle julekonsertar i 2022 etter to år med Covid-19, og då var det Vikebygd og Imsland som fekk besøk av KORe' Vindafjord.

Følg med på heimesida til koret eller på Facebook

Neste konsert:

Frå konserten Utan Grenser på Sjøperlo juni 2023 (Foto: Ane Kesia Eide Fatland)

 

Frå konserten Utan Grenser på Sandeid samfunnshus mai 2023 (Foto: Ane Kesia Eide Fatland)

Frå konserten Går til Filmen april 2022 på Ølen kulturhus (Foto: Ane Kesia Eide Fatland)

Her øver koret under KORseminaret på Stord Hotell september 2021 (Foto: Nils Erik Eide)