(Vår første plakat, sponsa av firmaet til far min. PS: eg har Brann caps, det er totalt krise, eg er jo Viking fan av  full hals:-))

Dette er mitt aller første band, stifta i starten på åttitalet, saman med søskenbarnet mitt Tore Flydal (trommer) og klassekompis Peter Abelseth (gitar/song). Eg spelte bassgitar og song litt. 7UP spelte på forskjellige arrangement i Vindafjord, for eksempel skulearrangement og andre ungdomsarrangement i kommunen. Me hadde også konsertar i kjellarstova heime hos familien min i byggefeltet, det var stas.

Bandet hadde sitt eige materiale, men kunne også kjøre på med rockeklassikarar frå Elvis og Bill Hayley. Me hadde fleire gratiskonsertar, men kunne også ta betalt.  7UP øvde i garasjen vår, og var veldig populære i bygdene i distriktet. Bandet blei oppløyst då gitaristen vår Peter blei headhunta av vårt konkurrerande band frå Sandeid, Steelongs, som blant anna hadde eit kjent medlem i distriktet, nemleg Kjetil Ulland (bassist i Pakkers og produsent ABC studio). 

Det står til og med om oss på Rogalyd sine heimesider. Det er stas. Her kan de lesa om den gongen Rogalands Avis kom eins æren til Vikedal for å laga ein artikkel om musikkmiljøet i Vikedal på den tida. Her er nokre kjekke bilder frå den tida: 

Desse bilda er frå ein artikkel Rogalands Avis lagde om musikkmiljøet i Vikedal, denne blei publisert i september 1982: